top of page
Ocean Electronics kjøper opp Westronic  
No er John Sigurd Solberg ein av dei aller største
John Sigurd Solberg.jpg

VEKS: Ocean Electronics kjøper opp Westronic AS og blir ein av dei største på maritim elektronikk i Norge. – Denne fusjonen gjer oss sterkare, seier dagleg leiar i det nye selskapet, John Sigurd Solberg. Foto: Pressefoto

Dag Nesbø Frøyen

Ocean Electronics driv med maritim elektronikk i Florø og Måløy. Dei har kjøpt aksjane i Bergenselskapet Westronic AS og John Sigurd Solberg blir dagleg leiar for eit av dei største norske selskapa i bransjen.

 

Det blir eit «nytt» og solid selskap innen maritim elektronikk som blir etablert på Vestlandet. Ocean Electronics i Florø, som består av tidligare Sigurd Solberg AS og Måløy Radioforretning AS kjøper aksjane Bergens-selskapet Westronic AS. Med dette oppkjøpet blir det nye selskapet eit av dei største selskapa innan maritim elektronikk i Norge.

– Fusjonen med Westronic er for å vekse og bli større. Volum er bra om du klarer å handtere det, seier Solberg.

Han fortel det viktigste for selskapet og kundane deira er at dei sikrer arbeidsplassene. Ein større stab gir auka kompetanse og ikke minst større kapasitet og fleksibilitet.

– For kundane våre er det avgjerande å hele tiden kunne seile, difor møtar vi kundene våre der dei er. Om eit skip skal klassifiseres når de er i Austen, så reiser vi til Austen og gjer jobben der. Med eit større selskap og flere folk i staben blir vi mer fleksible for slike oppdrag, seier Solberg.

 

Auka kompetanse

Den maritime elektronikken er i stadig utvikling og det krev høg kompetanse blant selskapa som leverer den. Med ein større stab å spele på meiner Solberg at dei vil kunne få ein breiare og mer spissa kompetanse i tillegg til at dei kan levere det kundane vil ha.

Raske teknologiske endringar stillar store krav til leverandørane i næringa, og det å vere i forkant gjer det enklare å kunne møte framtida. Å fusjonere dei to selskapa Ocean Electronics og Westronic er her ein viktig del av denne framtidssatsinga.

Agnieszka Lyko.jpg

PÅ JOBB: Agnieszka Lyko er ein av dei unge ingeniørane i Ocean Electronics. Her jobbar ho med å montere nytt botnutstyr til ein ny sonar på bremangerbåten 'Vestfart'. Foto: Ocean Electronics

Dei leverer overvåkingssystem til hamner og til oppdrettsnæringa, men hovudsakleg driv dei med elektronikk om bord i båtar. Og denne posisjonen søker dei å styrke.

Tre plassar

Solberg legg vekt på at Ocean Electronics skal ha driftseiningar i Måløy, Florø og Bergen. Dei skal vere basert på Vestlandet , men oppdraga er over heile verda.

– Kan mykje av service og oppfølging blant kundane ute i verda gjerast i frå Måløy, Florø og Bergen?

– Maritim kommunikasjon går via satelittar. Vi kan kople oss på anlegg ombord i båtar og gjere førebuingar til service og slike ting. Idag er ulike system integrerte og snakkar til kvarandre. Men ofte må vi vere ombord, og då viser det seg at mange reiarlag finn det føremålsteneleg å fly oss ut framfor å nytte lokale leverandørar der båten ligg, seier han.

Å vere ein leverandør kunden stoler på har difor vist seg å vere avgjerande. Berre den siste tida har dei hatt oppdrag i Canada, Australia og England noko som viser at dei opererer i ein internasjonal bransje.

Godt omdømme er ein viktig faktor for at Ocean Electronics har lukkast. Men namnet etter fusjonen skal dei inn til vidare ikkje gjere noko med.

Brua på ein moderne båt.jpg

AVANSERT: Brua på ein moderne båt er om mogeleg meir utstyrt enn cockpiten i eit fly.

Foto: Ocean Electronics

 

– Westronic er ei sterk merkevare og har ei anna kundegruppe enn vi har hatt i Ocean Electronics, så vil vi ta stilling til ei eventuell namneendring på sikt, forklarer Solberg.

Westronic vart etablert i Laksevåg for 30 år sidan og har åtte tilsette. Forretningsdrifta er lik i dei to selskapa, men kundegrunnlaget etter fusjonen blir utvida. Westronic har i tillegg agentur på anerkjente japanske maritime produkt av merka Tokyo Keiko og Yokogawa. Samla vil det nye selskapet ha kring 25 tilsette og bli ein av de største innan maritim elektronikk i Norge både ut frå tal tilsette og omsetning.

Vekst og utvikling

Fusjonen vil skje i 2022 og John Sigurd Solberg blir dagleg leiar i selskapet. Geir Mordal som i dag er dagleg leiar i Westronic skal pensjonere seg i tredje kvartal, men vil halde fram på deltid for å overføre sin kompetanse og kontaktnett til nye krefter i selskapet.

– Alle ser fram til å bli del av ei større eining som vil skape vekst og utvikling for både kundar, tilsette, eigarar og lokalsamfunn, avsluttar Solberg.

bottom of page